spacer
bg
   ..:: Heim ::..  Search  
bg
vkanttopp hkanttopp
kant
ramme
kant
 

Meny


 

Velkomen til Norsk Intensivregister


Velkomen til Norsk Intensivregister (NIR) 

Intensivmedisinen behandlar pasientar som er kritisk sjuke og skadde. Dette er ei samansett gruppe pasientar som har til felles at dei er svært ressurskrevjande.
Opptil 20-30% av pasientane døyr under sjukehusopphaldet.  I Noreg treng årleg vel 10 000 menneske intensivbehandling. Norsk Intensivregister (NIR) gjev ein oversikt over intensivbehandlinga her i landet.

NIR vart skipa i 1998 av Norsk anestesiologisk forening (NAF). Formålet var å få ein oversikt over ressursbruk og resultat i norsk intensivmedisin. I 2004 overtok Helse Vest eigarskap og driftsansvar i NIR, som administrativt og økonomisk er lagt til Intensivmedisinsk seksjon, Kirurgisk serviceklinikk (KSK) ved Haukeland Universitetssjukehus.

NIR er leia av ei fagleg styringsgruppe der medlemssjukehusa og eigar er representerte. NIR er regulert av Helseregisterlova, og er registrert av Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten som eitt av 36 nasjonale medisinske kvalitetsregister.

Alle intensiveiningar på region- og sentralsjukehusnivå er medlemer i NIR, i tillegg til intensiveiningane ved dei største lokalsjukehusa. Totalt er 36 einingar med, og NIR femner såleis truleg om over 95% av norsk intensivbehandling.
Medlemene sender årleg inn anonymiserte opplysningar om intensivpasientane sine. Opplysningane vert samla og ordna i databasen til NIR, og det vert kvart år utarbeidd ein rapport med oversikt over pasientgrunnlag og resultat ved norske intensiveiningar.

Desse nettsidene er delvis opne for alle, medan sjølve registeret og andre data berre er tilgjengeleg for medlemene. 


Bilde3.jpg

 

babyhand

 







ramme
ramme linje ramme
ramme Norsk Intensivregister, designet og utviklet av merit.no ramme
kant_nede kant_nede kant_nede
spacer